Om oss

Me er to glade søstre som lenge har draumt om å starta vår eigen nettbutikk og i november 2009 våga me endeleg å ta steget fullt ut. Hjå AnnaJohanna vil du finna ein blanding av landlege og fargerike produkter som får deg i godt humør.

Her er eit rikt utvalg som me håpar vil falle i smak hjå store og små!

Salget foregår hovedsakleg over internett, men me er så heldige å ha eit eiget showroom på 30kvm. Her er du hjartleg velkommen til å kikka på våre varer, samt henta dine bestillinger om du ynskjer det. Opningstid onsdager 11-17 , ellers etter avtale!

Me er omgitt av ein kjærleg famile som betyr alt for oss! Dei stiller gladeleg opp når det trengs, både når det gjelder pakking, matservering, it, oppussing, barnevakt  og kva det enn måtte væra.

Thank you!!

AnnaJohanna tenkjer på miljøet, derfor prøver me å bruka emballasjen fleire gonger. Så det kan godt henda at varene dine kjem i "feil" innpakkning, så fortvil ikkje om den nostalgiske osteklokka di kjem i fargesprakande Rice ysje. (Trekk pusten godt og pakk opp før panikken tar deg.....)

Ynskjer du å glede nokon du er glad i med ei gåve eller eit gavekort, pakkar me gjerne inn og skriv ein personleg helsing på eit kort. Me kan også sende gåven direkte til mottakar. Berre ta kontakt så ordnar me det.

Mw pakkar og sender bestillingen din så snart me kan, ofte iløpet av 48 timar så sant varene er på lager og betalt.

Me i AnnaJohanna er opptatt av å kunna yta god service, så er det noko du som kunde lurar på eller ynsjer at me skal bestilla inn til nettbutikken, ikkje nøl med å kontakta oss.

Bur du i nærleiken, er du hjartleg velkommen til å handla frå vårt lager.

 

Me gler oss til å høyra frå deg! 

 

Ha ein fin dag!!

Beste hilsen fra Anna & Johanna

 

 

Varer: 0 stk.

Sum: 0,00 kr